Ord over grind

 

  1. Du går fram til mi inste grind
    og eg går og fram til di.
    Innanfor den er kvar av oss einsam
    og det skal vi alltid bli.
    Aldri trenger seg lenger fram,
    var lova som gjaldt oss to.
    Anten vi møttest tidt eller sjeldan
    var møtet tillit og ro.
  2. Står du da ikkje ein dag eg kjem
    fell det meg lett å snu
    når eg har stått litt og sett mot huset
    og tenkt på at der bur du.
    Så lenge eg veit du vil koma i blant
    som no over knastrande grus
    og smiler glad når du ser meg stå her
    skal eg ha ein heim i mitt hus,
    ein heim i mitt hus.