Nå syng eg for deg
- Kan du høyre det du, at nå syng eg for deg
medan verda ikring har sin eigen musikk,
og det ligg som ein havdur i byens trafikk
med rytme urolig og vill …
Ja, nå syng eg for deg.
Det er tid for å vandre med langsame steg
og la songen åt deg verte til. - Kan du minnest da du song di vårvon for meg?
Som ein fugl gjennom vindauget kom du deg inn,
og du bygde deg reir i mitt hjarte og sinn
den gongen eg gret, i april …
Ja, nå syng eg for deg.
Det er tid for å vandre med langsame steg,
og la songen åt deg verte til. - Kan du sanse i dag på din ukjende veg
at eg saknar di røyst, at eg kviskrar ditt namn
mot det haustlauv som fell over jordsvarte famn.
Har du tonar, så syng, er du snill …
Men først syng eg for deg.
Det er tid for å vandre med langsame steg,
og la songen åt deg verte til.